Barn er i utvikling

Det skjer mykje i eit barns utvikling dei fyrste 6 åra. Dette er tydeleg for alle som jobbar i barnehage. Barnet vil utvikla språk og kommunikasjon, sosial kompetanse og leik, tenking og forståing, motorikk samt tilknyting og identitet. Nokre barn er det ein kallar moden for alderen, andre treng lengre tid, og er kanskje dyktige på eit område medan dei strevar på eit anna.

Barnehage doktorlek

Utviklinga av kropp og seksualitet høyrer tett saman med dei nemnte områda. Ein kan seia at den psykoseksuelle og kroppslege utviklinga skjer innanfor relasjonelle og kognitive rammer. Les meir her i barnehageveilederen.

Barn sin seksualitet er ikkje lik den vaksne sin seksualitet

Det er viktig å hugsa på at barn sin seksualitet ikkje er det same som vaksenseksualitet. Kropp og seksualitet har ikkje den same betydninga hjå barnet. Barn er ikkje små vaksne fylgjeleg er heller ikkje barn sin seksualitet ei miniutgåve av vaksne sin seksualitet. Barn sin seksualitet må difor bli vurdert på sine eigne premiss.

Barn si seksuelle utvikling

Barn sin tidlege seksualitet er grunnleggjande relasjonell. Barnet får stell, nærleik og kontakt som gir tryggleik og gir grunnlag for oppleving av eigen kropp. Gjennom god omsorg så lærer barnet kva som er godt og trygt, og korleis kroppslege signal heng saman med kjensler. I dette ligg det at dårleg tilknytning (det ein kallar uttrygg tilknytning) vil kunna gi barnet dårleg forståing av kropp, kjensler, nærleik og intimitet.

Gjennom språk får barnet utvikla ei symbolsk og sosial forståing av kropp og seksualitet. Slik kan barnet uttrykkja kva det likar og ikkje likar, kva det føler og ikkje føler. Det kan læra seg namn på kroppsdeler og kan læra seg å skilja mellom privat og offentleg. Dette gir også betre evne til å regulera seg sjølv og til å uttrykka eigne behov og grenser (kva det vil og ikkje vil). Noko av det same skjer gjennom leik. Ein lærer seg å samhandla med andre, vita kva ein sjølv likar og ikkje likar, kva ein sjølv vil og ikkje vil, at eg er eit individ som er skild frå andre individ. Her skjer også viktig læring av sosiale normer og andre sine grenser. Dette heng igjen saman med utviklinga av opplevinga av eigen identitet, altså svaret på «kven er eg?». Opplevinga av kroppsleg autonomi og meistring er også viktig her. Å oppleva at ein blir meir sjølvstendig og dermed også kan ta fleire eigne val, er ein del av å bli eldre. Herunder ligg også dette med å utvikla større forståing for kva som er rett og gale, kven som ein reknar innanfor og utanfor privatsirkelen sin og kva som er grensene for min eigen kropp. Me ser altså tydeleg at å forstå barn sin seksualitet er nært knytta opp til all anna utvikling som skjer i denne perioden. Det er difor viktig at den som jobbar i barnehage har grunnleggjande kunnskap om barn si utvikling, fordi denne er intergret i barn si utvikling av kropp og seksualitet. (Lenke: Les meir om barn si seksuelle utvikling her.)

Kva så om det er noko du stussar på? Kva gjer du då?

Kort fortalt kan me seia at du då må: Observera, skriv ned, drøft, utfør. Gjenta dette om naudsynt!

Litt lengre fortalt, så foregår det på denne måten: Det viktigaste vil vera å prøva å skildra det du har observert. Skriv gjerne ned, og drøft det med kollegaer. Til saman vil de ha mykje erfaring som kan hjelpa i å forstå det som de har sett og høyrt. På nettsida her kan de også sjå i barnehageveiledaren for å få meir kunnskap om temaet. Trafikklyset er eit verktøy som kan hjelpa for å finna ut om det barnet/a gjer er på det me kallar grønt, gult eller raudt område. Hugs at barnet sitt utviklingsstadie og konteksten åtferda skjedde i, er svært viktig for å avgjera kor urolege ein skal bli, og dermed også kva ein så bør gjera.

Dersom ein etter å ha gjort desse stega, framleis er usikker på kva ein har observert og kva ein bør gjera, så kan ein ta kontakt med nokon med spesialkunnskap i feltet. Dette kan vera RVTS, Tryggprat.no, senter for kjønn og seksualitet (som finst i nokre store bykommunar), Alt i meg (Tønsberg kommune), Æ e mæ (Sortland kommune) eller Jeg er meg (Larvik kommune), m.fl. Her er ein oversikt.

Rvts gruppebilde illustrasjon

Typiske vurderingar i saker

Barnet seier noko som ein stussar på. Det kan vera utsegn som ein tenkjer ikkje er normalt for barnet sin alder eller forståing. Det kan vera utsegn om at ein skal utføra visse typar seksuelle handlingar mot andre eller omvendt (t.d. «Du må suga meg på tissen!», at ein ber eit anna barn eller ein vaksen om å utføra seksuelle handlingar mot seg sjølv (t.d. «Du kan ta meg bakfrå»).

Andre utsegn kan handla om at barnet seier noko som gjer at ein lurer på om barnet sjølv er utsett for seksuelle krenkingar av vaksne (t.d. «Det kom kvitt lim ut av tissen hans»).

Nokre gonger er det kanskje ikkje sjølve utsegnet ein stussar over, men kroppsspråk, som t.d. at barnet virkar engsteleg eller skremt i situasjonar det før var trygt i, eller at det nektar å gjera ting som før gjekk enkelt. Ofte vil desse situasjonane vera knytta til kvardagslege ting som mat- eller stellesituasjonar. Det er nettopp det ein kallar ambivalensen i utsegnet eller handlingane til barnet, som gjer det viktig å prøva å forstå ut frå ei totalvurdering. I dette inngår konteksten handlinga skjedde i, barnet sitt utviklingstrinn og kva ein kulturelt tenkjer er akseptabel og forventa åtferd.

Er det ein samanheng mellom seksualiserte handlingar og det å vera utsett for overgrep?

Det går an å svara ja på dette spørsmålet, men det er svært viktig å nyansera fordi det er ingen automatikk eller direkte årsak-verknad! Det betyr at ein ikkje automatisk skal anta at dersom eit barn utviser seksualisert åtferd, så er det sjølv utsett. Det kan vera andre grunnar til åtferda. Det kan t.d. vera at barnet har andre vanskar i livet sitt. Det kan også vera at barnet har fått tilgong til pornografisk eller valdeleg materiale som påvirkar barnet sine handlingar, humør og språk. Ein av årsakene til at me ofte blir meir uroa for at barn er utsett for overgrep når yngre barn utviser seksualisert åtferd, er fordi dette er åtferd me ikkje forventar frå så små barn. Fordi me forventar at barn i den alderen er mindre eksponert for porno eller jamnaldringar med slikt seksuelt språk og åtferd. Uansett så er samanhengen ikkje spesifikk, og ein må alltid vurdera denne i ein brei utviklingskontekst. Ein artikkel som har sett på dette, er denne metaartikkelen (ser på mange studier samla). Så er det jo alvorleg dersom eit barn er utsett for seksuelle krenkingar utan at me tar dette på alvor, så difor vil det i nokre tilfelle vera klokt å drøfta denne uroen med nokon. Det kan vera ei anonym drøfting med barnevernet eller det kan vera med spisskompetansemiljø.

Når det blir alvor er samarbeid nøkkelen

Plan for å stoppa åtferda:

Dersom det viser seg at barnet si åtferd er på gult eller raudt, så må barnehagen laga ein plan for å stoppa åtferda og hjelpa barnet tilbake til grøn åtferd. Dette kan barnehagen gjera i lag med andre instansar, og sjølvsagt i lag med føresette så sant føresette ikkje utøver omsorgssvikt eller vald på nokon måte. Det kan vera nyttig å tenkja at ein skal handla som om den seksualiserte åtferda er ei anna ikkje-ynskja åtferd. Mange barnehagar har allereie gode rutinar for korleis dei handterer åtferd som uroar. Desse vil ein også kunne nytta når det gjeld seksuell åtferd som uroar.

Kontakta barnevernet:

Dersom ein er uroa for eit barn sin omsorgssituasjon, så skal ein kontakta barnevernet. Ein kan byrja med ein anonym konsultasjon for å finna ut om barnevernet meiner det bør bli sendt uromelding eller ikkje. Ein kan også kontakta barnevernet dersom foreldre kjenner at dei treng hjelp til å utøva omsorgsansvaret sitt. Så sant det er mogleg, så meld barnevernet i samråd med foreldre.

Få helsesjukepleiar med på laget:

Helsesjukepleiar kan gi støtte og opplæring til dei tilsette i barnehagen, til barnet og familien. PPT vil også kunna vera ein samarbeidspartnar dersom barnet har behov for utgreiing og hjelp herifrå.

Tilvisa til psykisk helsevern for barn og unge (PHBU):

I nokre tilfelle vil ein tenkja at barnet bør få hjelp i PHBU (psykisk helsevern for barn og unge). Barnehagen kan ikkje sjølv tilvisa, men oppmoda foreldre til å kontakta fastlegen slik at hen kan tilvisa. Dersom barnevernet er inne i saka, så kan dei senda tilvising. I ei tilvising bør ein leggja vekt på barnet si åtferd og ev andre vanskar samt kva dette har å seia for barnet sin funksjon.

Søkja spesialisert hjelp:

Det finst spisskompetanse på området som ein kan søkja hjelp hjå m.a. RVTS eller barnehus i din region eller konsultasjonsteam. Tryggprat.no har telefon- og chatteteneste for både profesjonelle og føresette. I kommunar der ein har særskilte team, t.d. Alt i meg, kan ein også kontakta desse.

Samarbeid til barnets beste:

Erfaringa er at samarbeid mellom faginstansar og føresette er nøkkelen til eit betre liv for barnet – og dermed dei rundt barnet. Dette er lett å seia, men ikkje like lett i praksis. Me vil uansett halda dette opp, som eit kompass som alltid peikar mot nord. Det er lettare å lukkast når ein samarbeider. Ein må finna vegen saman.