Om digitale krenkingar – eit lite innblikk frå NOTA Conference 2026.
NOTA står for National Organisation for the Treatment of Abuse. Det er ein ideell organisasjon som arbeider for å førebyggja alle former for seksuell vald og utnytting.

Kvart år har NOTA ein internasjonal konferanse som samlar praktikarar og forskarar frå mange land. Dette året var det i Newcastle upon Tyne. Oddfrid Skorpe, som jobbar ved RVTS Midt, reiste over frå RVTSane. Det var også fleire norske frå Ressursenhet V27 i Bergen og det nasjonale SSA-nettverket innan PHBU og habilteringstenesta. Mange av desse har deltatt på NOTA før, då det er ein viktig arena for å få oppdatert fagkunnskap og knyta nettverk med andre som brenn for det same som ein sjølv. Og ja, ein kan kjenna seg litt nerdete når ein frivillig reiser på konferanse der ein snakkar om seksuelle overgrep i 2 fullstappa dagar.
Mange ulike tema på årets NOTA
Dette årets NOTA inkluderte ulike tema. Mange var opptatt av korleis ein på systemnivå kan sikra både førebygging og handtering av overgrep. Digitale overgrep er også svært aktuelt i og med at me lever i ein digital tidsalder.
Ein myte at digitale krenkingar ikkje skader
Eitt av mange seminar vart halden av Emma Hodgson og Lorraine Myles. Begge jobbar ved Centre on expertise on child sexual abuse. Dei underviste om korleis me betre kan verna og respondera til teknologi-fasiliterte seksuelle overgrep. Eitt av hovudpoenga deira var å peika på at konsekvensane av å bli utsett for overgrep online ikkje er mindre alvorleg enn å bli utsett for overgrep offline. På nokre område er det også særleg belastande. Dei viste m.a. til Fellowes m.fl. (2026) sin systematiske litteraturgjennomgang av 18 forskningsstudier.
«A future held hostage»
Her fann dei at mange utsette får eit splitta blide av seg sjølv. Dei slit med skuld over det som har skjedd, og skammar seg over det dei vart utsett for. Eit omgrep å merka seg er «A future held hostage», dvs at ein blir ein fange av framtida, – fordi bilder på nettet er umoglege å fjerna, det nokon kallar «bildepermanens». For mange fører det til at dei stadig er på vakt (hypervigilans) eller isolerer seg. Då blir det vanskeleg å vera sosial, forma nye venskap eller halda på gamle.
Har du også sett bildene?
Emma og Lorraine fortalte vidare at mange utsette føler at dei gjorde overgrep mot seg sjølv fordi det var ingen andre i det fysiske rommet under hendinga(ne). I terapi ser ein at det også er mykje vanskelegare å jobba med å etablera kjensla av trygge stader for dei som er utset for online overgrep. Det kan bli vanskeleg å vita kven du kan stola på, fordi dei trudde dei kommuniserte med nokon andre enn det som reint faktisk var tilfelle. Emma viste til eigen praksis og sa at det fyrste mange spør Emma om er: – Har du også sett bildene av meg på nettet?
Ikkje gi den utsette heil eller delvis skuld
Familiedynamikken kan også endra seg når det barn og unge blir utsett for overgrep på nettet. Foreldre kan ha åtvara barnet mot å oppsøkja visse nettstader, og så har barnet eller ungdomen likevel gjort dette. Det kan bli vanskeleg for alle partar. Hodgson understrekar at me må læra føresette ei grunnhaldning om at det skal vera trygt for barn og unge å snakka med føresette når krenkingar og overgrep har skjedd. Då er det tid for trøyst og hjelp, ikkje for skjennepreiken. Språket me brukar er såleis viktig. Det må ikkje klandra den utsette, delvis eller fullt, men plassera ansvaret der det høyrer heime, hjå den som utnytta og krenka vedkomande. Online-verda er høgst reell! Det må spegla måten me snakkar om denne på!
